16. apr. 2011

Gjesteblogg: Anna fra "Eg håpar eg er eit frø…"

Heisann!
Eg har fått den store æren å vera gjesteblogger her hos snille Frk.Fjong. Ein liten presentasjon bør vera på sin plass:
Eg heiter Anna. Er 27 år og gift. Me har 3 små håpefulle og ein grå katt. Eg har lenge visst at det er dette eg vil; skapa bilete som forhåpentleg vis gir folk ei god kjensle. Eg fotograferar også litt på si. Nett no held eg på med ei bok som kjem til hausten på Samlaget. Det er ei biletbok på nynorsk:)

Ta gjerne ein tur innom bloggen min, eller heimesida mi om du har lyst til å sjå meir av det eg gjer:)

Så tenke eg: Kva skal eg visa desse kreative menneska som er her?
Jo sjølvsagt! Det eg held på med for tida.
Laga eit bilete i collage.

Håpar det fell i smak:)



Det første eg brukar å gjere er å tenkje kva dyr eg vil lage bilete av. Er det eit dyr eg er godt kjent med, teikar eg det som oftast ut frå hugsen. Men sidan eg idag bestemte meg for å laga ein kamelon, måtte eg ty til google og finna ein bilete der som eg brukte til referanse. Litt av vitsen er ikkje å få det likt, men bare kjøra på med penn med ein gong. Eg går gjerne over med penn ein gong til, slik av det vert godt med tusj på teikningen. Her er det viktig at du bruker ein penn som ikkje er vannfast, då fungerer dette heller dårleg:) Eg har laga ein strek rundt, slik at eg ser kor stort bilete vert til slutt.



Så må ein vera litt nøyaktig og stø på handa.
No malar du med vatn slik at du kjem borti streken. Men bare på innsida av dyret. Her er det ofte litt lurt på male litt vatn der ein vil at blekket skal flyta utover.
Så…ja flyt det litt betre utover:)
Keep on working til du har alt det du vil ha fargelagd dekka. Ha gjerne litt kvitt igjen nokre plassar.
Eg valgte å ikkje mala greina i det heile, slik at ikkje alt vart likt. Om du er nøgd, kan du stanse her. La det tørka. Er jo eit finfint bilete dette og, men i dag vil eg gjerne lage ein bakgrunn.



Om du vil laga bakgrunn brukar du saks eller kniv og skjerer ut dyret.
Etter det er utskjert, pleier eg å gå over det ein gang til med penn på kantane og teikne over det kvite som ofte kjem der. Til dette bildet valgte eg brun som bakgrunn og ulike brunfargar og litt grøn som pynt.


Så legg eg dyret og det andre ein eventuelt vil lime på til slutt (i dette tilfellet ei snakkeboble av rutepapir) ut slik du vil ha det.
Så snur du dei. Her må du også eventuelt snu bakgunnen om det er ei framside og ei bakside på papiret. Gunnen til at eg gjer det slik er at no skal eg teikna opp der eg skal laga hol i papiret, og eg vil ikkje ha hol der eg skal lima på dyret og bobla:)



No er det bare å ta saksa fatt og klippa iveg. Her er det ikkje om å gjere at holet skal vera heilt rundt. Det er tross alt handmade:)
Det vises ikkje så godt på bilete, men på framsida brukar eg ein fargeblyant og teiknar rundt opningane.




Deretter snur eg det tilbake igjen og limar på fargebitane over hola. Då er det bare å snu det med famsida fram og lime på resten og…
…Tada! 1 stk ferdig kamelon
Håpar dette kan gi deg inspirasjon til å lage noko sjølv.

Tudeldu!

- Anna Eg håpar eg er eit frø... 












2 kommentarer:

  1. Tusen takk Anna!

    Jeg har lært noe nyttig. Kanskje teknikken kan testes ut neste gang jeg skal lage bursdagskort?

    ;)

    SvarSlett
  2. Bare hyggelig:)

    Ha ein strålandes dag!

    Tudeldu!

    SvarSlett

Jeg blir veldig glad om du vil legge igjen en kommentar:)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...